Lyst til å vinne en kraftig solcellelader?

Svar på våre 7 enkle spørsmål her.

Biverknader av fornybar energi

22. februar, 2022

Alle former for energi påverkar miljøet kring oss, anten me likar det eller ikkje. Fossile energikjelder som olje, gass og kol forureinar vatn og luft, fører til tap av habitatOmrådetypen en art foretrekker å leve i. og biomangfald og aukar risikoen for ei global oppvarming me ikkje kan snu. Sjølv om produksjonen av fornybar elektrisk energi ikkje på langt nær er like skadeleg, har han òg negativ påverknad på miljøet, særleg lokalt. Kor mykje, og kva type skade fornybar energiproduksjon fører med seg, varierer mellom anna ut ifrå kor han vert produsert og kva teknologi som vert brukt. Det å forstå at fornybare energikjelder heller ikkje er heilt feilfrie, kan hjelpe oss til å redusere den negative påverknaden dei har på miljøet vårt, og kanskje få oss til å innsjå at den mest miljøvennlege energien er den me ikkje brukar.

Vasskraft

Vasskraft, illustrert ved eit bilete av Eidsiva Vasskraftverk. Foto: Tommy Gildseth - Lisensiert under CC BY-SA 4.0 via Wikimedia Commons
Vasskraft, illustrert ved eit bilete av Eidsiva Vasskraftverk. Foto: Tommy Gildseth – Lisensiert under CC BY-SA 4.0 via Wikimedia Commons

Når dei fleste nordmenn tenkjer på elektrisitetsproduksjon, tenkjer dei nok òg på vasskraft. Det var først på 1870-talet ein byrja bruke vatn til produksjon av elektrisitet, tidligare var hovudbruken knytt til å gje mekanisk kraft til fabrikkar og til kornmøller. 122 TWhEn terrawattime er et mål på en energimengde. Tilsvarer 1 milliard kWh. elektrisk energi vart produsert ved hjelp av vasskraft i 2011. Det tilsvarer 95,3 % av elektrisitetsproduksjonen. Noreg har særs gode, naturgjevne forhold for produksjon av elektrisitet frå vasskraft. Landarealet vårt har ei snitthøgd på 400 meter over havet, noko som gjev vatnet som fell som nedbør mykje stillingsenergiAlt inneholder potensiell energi. Det er kreftene i bindingene mellom atomene som skaper denne energien. Energi kan ikke forsvinne, bare endre form. Når et legeme er i bevegelse ser vi at det har energi. Da må det også ha hatt energi før det kom i bevegelse. Det er denne energien vi snakker om når vi sier potensiell energi. Ofte snakker man om et legeme sin potensielle energi i tyngdefeltet, som regnes slik: Ep = mgh, hvor m er masse, g er tyngdens akselerasjon og h er høyden fra et gitt referansepunkt.. Store svingningar i terreng og mykje nedbør er andre forhold som gjer vasskraft so lukrativt. Grunna dette er me Europas største og verdas sjuande største vasskraftprodusent.

 

På tross av at vatnet på ein måte kan skildrast som «det blå gullet» for norsk elektrisitetsproduksjon, har det ikkje vore uproblematisk. Det enorme omfanget av utbygginga har hatt sine konsekvensar. 15 av Noregs 20 høgaste fossar er regulerte til produksjon av vasskraft, og om lag 70 % av dei største vassdraga våre er påverka av utbygging. Vassdragsnaturen vår er heilt unik, men reguleringar og inngrep gjer at fossar og elvedelta forsvinn, og at me set artsmangfaldet i desse områda i fare. Ved utbygging av vasskraft endrar me tilstanden til naturen kring vassdraget, mellom anna grunna endra fysiske og kjemiske forhold. Andre problem er erosjon og slitasje på landskapet, endra vasskvalitet og faren for å introdusere nye og konkurrerande artar ved flytting av vatn frå eit vassdrag til eit anna. I mange regulerte elver fører inngrep til problem med endra snittemperatur, meir isgang og endra oksygenforhold.

Vindkraft

Vindmølle frå Bessaker Vindkraftanlegg.
Vindmølle frå Bessaker Vindkraftanlegg.
Foto:UngEnergi

Vind er ei av våre reinaste energiformer. Ho er fornybar, og vindkraftverka kan takast ned etter enda levetid. Produksjon av elektrisitet frå vind fører ikkje til skadeleg avfall eller auke i CO2-innhaldet i atmosfæren. Ei undersøking presentert av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i 2009 anslår at det brukbare landbaserte vindkraftpotensialet i Noreg kan ligge på kring 400 TWhEn terrawattime er et mål på en energimengde. Tilsvarer 1 milliard kWh. i året, avhengig av kva føresetnader som vert lagde til grunn. Trass dette kjem berre 1 % av den norske elektrisitetsproduksjonen frå vindenergi. Sjølv om det å utnytte vindenergi vanlegvis gjev høgare utbyggingskostnadar per kilowattime (kWh) elektrisk energi enn utbygging av same antal kilowattimar (kWh) vasskraft, er det lønnsamt. Kostnadsforskjellen kjem fordi vindenergien er spreidd over store areal, til forskjell frå vasskraft der vatnet er samla i sjøar og vassdrag. På område i Noreg der vindforholda er gode, vil det koste omlag 50 øre å produsere ein kilowattime (kWh) elektrisitet.

 

Trass dei mange fordelane ved utbygging av vindkraft, har denne produksjonsforma òg negative konsekvensar, slik det meste i samfunnet har. Den kanskje største ulempa ved vindkraftutbygging er at for kvart anlegg som vert bygt, risikerer me å bygge ned verdifull natur. Dette skal ein likevel i stor grad klare å unngå. Ein betydeleg del av søknaden om å etablere eit nytt vindkraftanlegg skal handle om og greie ut konsekvensane og påverknaden det nye anlegget vil ha på verdifull natur, dyre- og fugleliv og næringar som reindrift, for at me skal sikre desse. Eit vindkraftanlegg legg band på store areal, likevel kan delar av anlegget parallelt brukast til ting som jordbruk og beitemark. Etter fullført konsesjonstid kan ein jamt over tilbakestille landskapet i stor grad til slik det var før anlegget. Støy vert òg sett på som ei utfordring ved etablering av nye vindkraftanlegg. Ein rapport frå Miljødirektoratet anslår at støyen frå vindturbinane vil vere kring 30 desibel på 700 meters avstand, og kring 50 desibel viss du er like ved vindturbinen. Til samanlikning er kviskring kring 25 desibel, og vanleg prating kring 55 desibel.

Solenergi

Solceller brukt i eit vegprosjekt i USA.
Solceller brukt i eit vegprosjekt i USA.

På same måte som vind, er sol ein uendeleg stor ressurs som kan utnyttast i produksjon av rein og berekraftig elektrisitet. Mengda solenergi som kvart år treff jorda i form av strålar, utgjer ca. 15 000 gonger heile verdas årlege energiforbruk. 30 % av solstrålane som treff atmosfæren vert reflekterte tilbake ut i verdsrommet, men 70 % kjem inn i atmosfæren. Det er nok til at jorda på ein time mottek meir energi enn alle landa i verda brukar på eit år. I dag er det installert solceller med ei total yting på kring 10 MW (2012). Framleis er ikkje elektrisitet frå solceller konkurransedyktig i Noreg, men med nye byggingskrav om til dømes nullutsleppshus kan solcelleenergi verte ein bit i puslespelet for å oppfylle krava. Tidligare har ein trudd at utnytting av solenergi i Noreg vil få ei avgrensa betydning grunna mykje skyer og elles krevjande vêrforhold. Ein har no funne ut at effekten på ei solcelle med rett vinkel i Nord-Noreg ikkje er so mykje dårlegare enn i Tyskland, som i dag er verdsleiande på bruk av solenergi.

 

Miljøkonsekvensane ved utbygging av solenergi er i hovudsak tap av område, vassforbruk og bruk av farleg materiale i tilverkingsprosessen, sjølv om dette varierer mykje med storleiken på solanlegget. Større solcelleparkar kan vere problematiske med tanke på arealbruk og habitattap. I motsetnad til vindkraft kan solenergi i mindre grad dele areal med jordbruksføremål, då ein gjerne plasserer solcellene tett saman. Likevel kan dette løysast ved å bygge ut større solcelleparkar på mindre konfliktfylte stadar, og solceller til mindre bruk kan festast på tak og veggar, noko som reduserer behovet for ekstra areal kraftig. Mest alle energiproduksjonsmåtar produserer noko energi i form av varme, kanskje spesielt solcellepanel, og ved større utbyggingar vil det ofte vere behov for vasskjølingsanlegg. Solcellene vert òg utsette for kjemikaliar som saltsyre, svovelsyre, salpetersyre, hydrogen-fluorid, 111-trikloretan, og aceton i produksjonsprosessen, og må vaskast reine mellom kvart produksjonssteg. Trass dette har energi produsert med solceller eit klimagassutslepp på 0,03 til 0,9 kg CO2/kWh, noko som er betydeleg lågare enn til dømes kol (0,6 til 1,6 kg CO2/kWh).

 

All energiproduksjon har negative sider ved seg; det er noko me må innsjå. Sjølv produksjon av elektrisitet frå fornybare kjelder har ein negativ påverknad på miljøet i større eller mindre grad. Det er likevel viktig me hugsar på kva alternativet er. Vil me ha ei global oppvarming utover to grader celsius, eller vil me ofre litt utsikt til eit vindkraftanlegg? Vil me at ei kystlinje med eit spesielt artsmangfald skal skadast av oljesøl, eller vil me godta å setje av areal til ein solcellepark? Med dagens aukande bruk av fossil energi styrer verda mot ei oppvarming på 3–4 grader. Me må effektivisere energiforbruket vårt; me må starte ei omstilling i forskinga og vri henne frå fossilt til fornybart, og forske på nye, fornybare energikjelder. Noreg er allereie sjølvforsynt med rein, fornybar elektrisitet, men det tyder ikkje av me kan bruke uavgrensa mykje straum. Det viktigaste me må hugse er at den mest miljøvennlege energien alltid vil vere den me ikkje brukar.

 

Kilder Nyttige lenker
Bruk som kilde
Ikon for Creative Commons-lisens Denne artikkelen skrevet av UngEnergi er lisensiert under en Creative Commons Navngivelse-Ikkekommersiell-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge Lisens.
UngEnergi.no benytter informasjonskapsler for å gjøre brukeropplevelsen bedre Lukk Les mer