Lyst til å vinne en kraftig solcellelader?

Svar på våre 7 enkle spørsmål her.

Solar Roadways

29. juli, 2016
Julie og Scott Brusaw held glaspanela som vegen består av
Julie og Scott Brusaw held glaspanela som vegen består av

Sidan 1965 har bruken av personbil vorte femdobla, transportlengda for gods på lastebil vorte firedobla, og talet på reiser med bil vorte tredobla. Dette set mykje press på vegnettet vårt. Årleg brukar me 6,5 millionar tonn asfalt i Noreg, og tal frå Statens Vegvesen tyder på at me slepp ut omlag 22 kg CO2 per tonn asfalt. I eit klimaperspektiv kan det umogleg vera veldig bêrekraftig? Kva om vegane me køyrde på, produserte straum? Korleis hadde klimareknskapen vorte for vegar laga av solceller? Sjå for deg ein situasjon der vegen hadde innlagd varme, so det ikkje kom is og snø på han om vinteren. Korleis hadde det vorte om el-bilar kunne lade direkte frå vegen? Eit forskingsprosjekt i USA jobbar med nett dette.

 

Ekteparet Scott og Julie Brusaw starta prosjektet “Solar Roadways” i 2006. Scott er utdanna elektroingeniør, og har jobba med det i mest 25 år. Sidan dei byrja prosjektet i 2006 har dei utvikla og bygd ein fyrste og andre prototype. Visjonen deira er å dekkje all betong og asfalt i sola med Solar Road Panels. Dei seier på nettsida si at dette vil gjera oss uavhengige av fossilt brensel. Dei ser for seg at el-bilar kan lade direkte av solcellevegen, og difor få uendeleg rekkjevidde. Er slutten på oljeeventyret so enkel som å byte ut asfalt og betong med solceller?

 

Oppbyggjinga av vegpanela kan skildrast lagvis. Nedst treng ein eit stødig fundament, og her ser dei for seg å nytte søppel og kompost, som skal støttast opp med glas. Deretter er det lagvis plater med elektronikk, LED-lys, solcellepanel, og glas med varmeelement. Sidan dei legg opp til å smelte av snø og is om vinteren, har dei òg laga ein vasstunell som går langs vegen. Denne skal samle opp vatnet, og har pumper som kan sende det dit det trengst, anten det er ein gard, eller eit vassreinsingsannlegg. Dei vil òg ha ein kabelkorridor ved vegen, der straum-, internett- og telekablar kan vera trygge for vêret.

 

Den fyrste prototypen dei laga, var firkanta vegpanel. Prototypen var ferdig  i februar 2010, og var 12 fot * 12 fot, noko som tilsvarer omlag 13,4 kvadratmeter. Dei laga òg ei mindre plate, som var omlag ein kvadratmeter, og trykkfølsom. Pengane dei hadde tilgjengeleg til byggjinga av den fyrste prototypen tillot ikkje at dei kunne nytte herda glas med varmeelement. I staden nytta dei ein type plast (polykarbonat), som gjorde same nytte under testinga. Den fyrste “Solar Road Panel”-prototypen vart bygt og testa innomhus, difor inneheldt han heller ikkje solceller. Tanken bak denne fyrste prototypen var å prøve ut korleis elektronikken kom til å fungere.

 

Den andre prototypen vart ferdigstilt i mars 2014, og er mykje meir fullstendig enn den fyrste var. Prototypen besto av hexagonale plater som var sett saman til ein parkeringsplass. Denne parkeringsplassen er operativ, og har innebygde solceller, LED-lys, varmeelement og har den unike glasoverflata. På nettsida deira skriv dei at testresultata deira overgår alle forventingar. Resultata viser mellom anna at vegen tåler ein vektbelastning på over 113.000kg, og at glasset har nok friksjon til å kunna stoppe eit køyretøy ved både 40 mph (ca 64 km/t) og 80 mph (ca 128 km/t) innanfor dei amerikanske krava til bremselengde.

Parkeringsplassprototypen
Parkeringsplassprototypen

 

Det gjenstår å sjå om dette prosjektet kan verte til noko meir og større enn den eine parkeringsplassen. Gjennom pengeinnsamlingssida “Indiegogo” har ekteparet Brusaw klart å samle inn over 2,2 millionar USD som skal brukast for å tilsetja eit ingeniørteam som skal perfeksjonere designet. Dei skal òg klargjera alt for produksjon i større skala, so kostnadane per celle vert mindre. Korleis framtida til Solar Roadways ser ut, kan ikkje spekulerast for mykje i. Mange er skeptiske til ressursbruken, då dei må nytta avgrensa metallressursar, og av di dei tviler på at prosjektet kjem til å løne seg i større skala. No gjenstår det berre å sjå kva resultat dei får i tida som kjem!

 

Kilder Nyttige lenker
Bruk som kilde
Denne artikkelen skrevet av UngEnergi er lisensiert under en Creative Commons Navngivelse-Ikkekommersiell-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge Lisens.
UngEnergi.no benytter informasjonskapsler for å gjøre brukeropplevelsen bedre Lukk Les mer