Lyst til å vinne en kraftig solcellelader?

Svar på våre 7 enkle spørsmål her.

Miljøtoppmøte i Europarådet

11. juli, 2017
Europaparlamentet
Europaparlamentet. Kilde: Ash Crow / Wikimedia Commons / CC BY-SA 3.0

Natt til fredag 24. oktober 2014 tok EUs stats- og regjeringssjefar på toppmøte i Brussel ei av Europarådets viktigaste avgjerder på fleire år. Dei har no kome fram til ei avtale om ein heilskapleg og ambisiøs klima- og energipolitikk for perioden 2020 til 2030. Eit politisk vedtak som dette har lenge vore etterspurt, fordi EUs framtidige politikk soleis vil bli meir føreseieleg.

 

Avtalen legg opp til at EUs klimagassutslepp skal kuttast med 40 % frå 1990-nivå innan 2030. Det er spesifisert i vedtaket at desse kutta skal takast innad i medlemslanda, og at krava til kvart einskild land varierer grunna skilnad i historiske klimagassutslepp og økonomisk kapasitet. Europarådet har òg eit bindande mål om at minst 27 % av energiforbruket i EU skal vere fornybart innan 2030, dette skal òg fordelast ulikt på landa, ut frå deira økonomi og energitilfang. På Finlands initiativ vart Europarådet samde om å nytte meir fornybar energi i transportsektoren etter 2020.

 

Viktigheita av betre infrastruktur for energi vart tilstrekkeleg understreka i den vedtekne avtalen. Utbyggjing av infrastruktur er viktig for omstillinga til meir effektiv, sikker og klimavennleg energiforsyning i Europa i framtida. Eit vagere og ikke forpliktende mål i avtalen er at energi skal forbrukast 27 % meir effektivt i 2030 enn i dag. Europarådet tok eit lite atterhald  i vedtaket sitt, og det var at det vedtatte målet skal vurderast på nytt i 2015. Dette er konsekvensenen av ein klausul Polen fekk lagt inn i avtalen, som seier at måla kan nedjusterast dersom “resten av verda” ikkje legg seg på same ambisjonsnivå som EU i dei internasjonale klimaforhandlingane i Paris, desember 2015.

 

Her kan du lese heile avtalen:

http://www.consilium.europa.eu/uedocs/cms_data/docs/pressdata/en/ec/145356.pdf

Kilder Nyttige lenker
Bruk som kilde
Denne artikkelen skrevet av UngEnergi er lisensiert under en Creative Commons Navngivelse-Ikkekommersiell-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge Lisens.
UngEnergi.no benytter informasjonskapsler for å gjøre brukeropplevelsen bedre Lukk Les mer