Lyst til å vinne en kraftig solcellelader?

Svar på våre 7 enkle spørsmål her.

Innholdsfortegnelse
Kompetansemål

El-sykkelen

21. juli, 2016

Ungdom som ikkje har førarkort, er ofte avhengige av anstrengande fysisk rørsle eller andre menneske for å kome seg kring der dei bur. Du kan alltids gå dit du skal, men det tek ofte lang tid. Vanleg sykkel er òg mogleg, men då risikerer du å verte både sveitt og sliten viss du vil kome deg raskt fram. Viss du kunne sykle dit du ville so raskt du ville utan å verte sveitt (med mindre du vil det), hadde det nok vore mykje meir praktisk. Det er nett dette me håpar el-sykkelen kan vere.
 

classic bicycle in paddy field.
©iStock.com/sakhorn38

Ein el-sykkel fungerer i det store og heile som ein vanleg sykkel. Han kan som regel ikkje køyre framover utan at du tråkkar, og er difor ikkje registrert som eit motorkøyretøy. Den store forskjellen mellom syklane er den elektriske motoren på el-sykkelen. Med ein el-sykkel kan me sjølv styre effektnivået frå motoren. Uansett om me ynskjer å sykle lange strekningar utan å bruke mykje krefter, eller om me berre vil ha hjelp opp ein dryg bakke, er dette mogleg. Samstundes fjernar me ikkje moglegheita for ei treningsøkt med sykkel, me må berre endre innstillingane.

 

Som alle andre ting i samfunnet, er òg el-syklar og el-syklistane underlagde eit regelverk, sjølv om dette for brukaren sin del er veldig enkelt. Du treng ikkje særskild opplæring eller førarkort for el-sykkel. Det er heller inga aldersgrense. El-syklar kan brukast på sykkelstiar, nett som vanlege syklar. I Noreg er hovudsakleg EUs regelverk for el-syklar gjeldande Maksimal motoreffekt som er lovleg i Noreg er 250 Watt, og maksfarta motoren kan hjelpe deg å generere er 25 km/t. Du må trå for at motoren skal koplast inn, men el-sykkelen kan køyre sjølv i opptil 6 km/t som «starthjelp».

 

Sidan el-syklar ikkje er underlagde same regelverk og fritak som elbil, må du i dag betale MVA (meirverdiavgift) når du kjøper el-sykkel. Dette er kanskje i ferd med å endrast. I det siste har fleire politiske parti gjort vedtak på, og vore ute i media, om MVA-fritak for el-syklar. Miljøpartiet Dei Grøne var det første partiet til å vedta at dei ynskte eit fritak. Dei vart fylgde av Sosialistisk Venstreparti. Ikkje alle parti er positive til at el-syklar skal få  fritak for MVA, mellom anna Høgre. Svaret eg fekk av Framstegspartiet var ope for tolking: «FrP har ikke tatt noe initiativ til det.» Svaret frå Venstre var at dei ikkje var negative til MVAfritak, men at dei hadde andre politiske prioriteringer. Det er òg dei partia som enno ikkje har diskutert dette internt, mellom anna Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. Arbeidarpartiet fekk eg diverre ikkje kontakt med.

 

Etter alt eg har lese, verkar el-sykkel som eit godt alternativ for ungdom som treng å kome seg fram i sitt eige nærmiljø. Sidan etterspurnaden i Noreg er aukande, vil dei verte både billegare og meir effektive den komande tida. Kanskje har me funne framtidas førarkortfrie transportmiddel?

Kilder Nyttige lenker
Bruk som kilde
Denne artikkelen skrevet av UngEnergi er lisensiert under en Creative Commons Navngivelse-Ikkekommersiell-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge Lisens.
UngEnergi.no benytter informasjonskapsler for å gjøre brukeropplevelsen bedre Lukk Les mer